Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussane var flinke spelemenn.

Far til jenta som såg tussane i Litjløkkja gjekk ikkje fri for å høra tussane han heller. Det var rundt 1880-åra han var på garden Hongrød og hjalp til med noko arbeid. Seinhaustes var det og marka var hardtela, så det dønn når ein gjekk. Mannen bruka å gå heim kvar kveld, og det vart seint før han kom seg i veg. Arbeidsdagen var lenger da enn no.

Ein kveld i køl bekande mørker kom han gåande gjennom skogen mellom Hongrød og Amdal. Han gjekk i sjølstøa si og tenkte på alt og ingen ting. Frampå Amdalkleiva stansa han. Kva var det for slag låt som bar fram med verdraget…jau, der hørte han det att. Det var fulltonande og trollfagre feletonar som bar ut frå øvst i brattaste Amdalberga. Mannen gjekk vidare, men omen frå musikken hørte han i lufta nordover Amdalhaugane heilt til han svinga inn i Halguttu. Der vann bekkesusen over dei andre læte i natta.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *