Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Tussane varslar Tarkjel Dalen

Tarkjel Dalen i Selgjord var ein dag aaleine paa Svartufs, ein plass høgt uppi Bjørgefjølle. Det var i slaattonni, og han hadde slegi fraa seg dagen førr, og no hadde han mykje turt høy, som han vilde bera inn. Vere var so speglande blankt og fint, ikkje ein skydott aa sjaa.

Til dugurds, daa han stod inni stogo og koka grauten, ropa det so kvast:

«Tarkjel!»

«Vi de meg noko, saa kom inn!» svara han.

Um eit bil ropa det att endaa høgare:

«Tarkjel!»

Tarkjel svara ikkje. Men so ropa det trea venda:

«Tarkjel!» — og det so høgt og hardt, at det riste og skalv i stogo.

Daa kvakk ‘n og sprang ut, men liknels til folk var kje aa sjaa. Men vestanfraa Skogsodd drog svarte regnskyir seg fram yvi dalen, og no var det paa tid aa til med høye au. Daa seinste byrdi var inne kom regne, som tussane hadde varsla.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *