Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussane ved Hakådalsgruva.

Sør for Håkådalen i Soknedal er det ei gammal gruve. Ho er i dag full av vatn og har ikkje vor' i drift på lange tider. Etter at bergmennene reiste frå staden, og den store fjellstilla på ny vart rådande, var det ofte folk som såg tussane i arbeid ved gruva. I måneljose kveldar kunne dei høra kor dei hamra i slagghaugane. Det var serleg om haustane i jakttida dei var å sjå. Gamle Helmer Sunseth som no er død for mange år attende, har fortald at han kom frå jakt i fjellet. Det var sein kveld og månen skein. Han kom raklande framom Håkådalsgruva. Da hørte han at det klang av stål mot stein bortpå slagghaugen ved inngangen til gruva. Og der fekk han sjå 7-8 små blåkledde kallar som sto og stødde seg på kvar sitt spett. Han skynda seg nedetter mot sætrene, og han hørte ståket langt nedfor Hustøft-vollen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *