Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Tussar i Aarnoteren

I Aarnoteren i Nordbygdi i Selgjord hev allstødt vori tussar. Helst fyre fælt regn og uver hev dei jamleg høyrt, korleis tussane hev køyrt og romla inni nuten. Nedunder Aarnoteren ligg ein stoule som heiter Lidstoul; der er au tussar, og eigaren av stoulen, Helge Nordgarden i Selgjord, hev sjav fortalt, at han jamt hev høyrt tussar der. Ei gong var Helge eismall inni stogo paa Lidstoul, daa donka det og slo tvo slag inni veggen, so heile stogo riste; folk fanst det ikkje spor av paa lang leid. Detta var tussane som varsla fyre eit fælt uver, som tok til straks etter.

*      *     *

Noko lenger nedi lidane ligg Heidbømoen. Der hadde tussane eksismo i gamle dagar. Høye Langvenda fortalde, at han ofte høyrde tussane eksera der, gjekk i takt, gjorde vendingar, og kommandera so det svara i aasane: «Eitt tvo, eitt tvo!» Stundom eksera dei med hestar der au (kavaleri), og Høye høyrde skili, koss det skramla i beisli, og koss dei protta og skreik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *