Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Tussar i Bjønndalan

 

I Bjønndalan, ei sæter i Nordbygdi i Selgjord, var det kveld-vart. Aldri maatte dei staake og larme der etter soli var gladd, elles vart tussane harme og hemnde seg um notti. Anten dreiv dei buskapen av stoulen eller løynde burt koppar og anna, og laag der vedahaugar, so hivde dei veden yvi heile stoulen.

Ein kveld var det samla so mange gutegapar, som skreik og braaka og bar seg paa alle vis. Gamle Tarbjønn Rue var der au og baade truga og bad dei vera rolege; men dei berre lo aat honom. Rett som det er, so set ei gjeit i aa ræmje og skrike so avskræmeleg. Dei skunda seg ut, og daa hekk det ei gjeit etter torvaalen. Det var tussane som hemnde seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *