Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Tussar i Høgefoss-kvennhuse

I Høgefoss-kvennhuse i Brunkeberg var jamleg tussar.

Ei nett laag gamle Halivor Aase der og mol. Best det er byrjar luva til aa svive rundt som ein snurrebass paa skallen hans. Det varde eit bil, so vart Halivor rædd og krassa seg; daa slutta det med same. Men utanfor veggen høyrde han det hegra og lo so godt.

*     *     *

Tommes Skotbakkann var der au ei gong. Daa høyrde han det ropa utanfyre:

«Mæ øks aa mæ kniv! Naa vilja me te mæ ‘n Tommes!» Tommes vart so rædd, at han stod med øksi yvi skallen heile notti.

Ei onnor vende var Tommes der au. Daa byrje fossegrimen til spila so det fanns ikkje raad aa sitja still, han maatte upp aa danse. Og han dansa og dansa, so han mest sprengde seg, eg ikkje fekk ‘n slutte paa nokor vis, og spile varde mest heile notti.

«Hoss i Jøssu navn bli dette laga!» sa han til slutt. Daa tagna spile, og Tommes fekk au slutte aa danse.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *