Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussar i Kilen

Paa Sud-Kilen i Kilebygdi staaka tussane fælt. Nedi gjorde stod ei gamall eik; til den bar folki mat og drikke til kvar høgtidskveld.

Ein mann i Kilen heitte Knut; han var endaa smed. Han rudde upp ein stoule i Kilemarki som heitte Svartevasstoulen.

So hadde han tri hestar, Knut; den eine var musut, og honom stulla tussane so han stødt heldt seg feit og fin; men dei andre tvo drog tussane maten ifraa, so dei stødt var turre og stygge.

Knut hadde ein tenestgut, som heitte Olav. Eigong fann han ein vott i gjevarhole i lødo, den hadde tussane mist, og den var so rar laga. Han var spita av granlav, og hadde tvo tummar Olav tok votten inn i stogo og gøymde ‘n. Men so var det kvelden etter, Olav vilde ned og stulle hestane. Med han stod inni lødo og rykste høy, so visste han ikkje av, førr det kom smettande ein litin graatasse inni dynni og treiv honom i nakken og kasta honom som ein filleliudsko langt burt paa tune.

Der laag han so skarnslegin, at han orka ikkje rise upp, og heller ikkje rope um hjelp. Folki inne totte Olav vart lenge i stallen, og undra seg yvi at dei ikkje høyrde ein knyst fraa honom, for han tulla og kvad kvar han får, denna Olav’n. Daa dei kom ut fann dei ‘n liggjande i uvite og laut bera honom inn i stogo, og det gjekk lang tid førr han kom seg uppatt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *