Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussar i Kvennhus-kosi

Kvennhus-kosi heiter eit lite rudningslende ovanfyre Igle-tveit i Selgjord. Der var tussar stødt.

Bror til gamle Tov To laag der i eit gamalt kvennhus og mol ei gong. So var det i skomingi, han hadde nett gjort ifraa seg og vilde heim. Daa møtte han eit kvende, som gjekk aa spita. Ho gloste so blidt paa honom, og var ung og ven aa sjaa til og stasleg klædd. Han stod nett og vilde tala til henne, men daa vart ho burte, midt for augo hans.

*     *     *

Sea var det ein som heitte Somund Larsson, som hyste for seg i Kvennhus-kosi, og vilde ryddje seg upp plass der. Men daa ‘n hadde stogo uppe, og hadde flutt inni ho, so vart det slik gnavel og uro heile nættane, at Somund ikkje fekk svevn paa augo. Det tusla og tassa rundt veggine, og gnavla og gjekk yvi golve, stundom stansa det tett framfor sengi hans og mulla og smaarødde og musa so laagt: «Sommonn, Sommonn!»

Verr og verr vart det, og so tok det paa aa kreka full stogo av orm, det krok og krabba i kvart veggjemot, og i kjellaren og rundt veggine urde det og krudde. Somund var ikkje nokon kvekkin kar helger; men han vart likevæl nøydd til aa ryme, og kom aldri i stogo si meir.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *