Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Tussar paa Aadalen

Gamle Hallvor Aadalen i Selgjord fortalde, at han jamleg høyrde og saag tussar paa Aadalen, men helst fyre fælt uvér um sumro.

Eigong i slaattonni hadde Hans Hegnin, grannen til Aadalen, laant ei rive av Hallvor. Um kvelden daa Hallvor hadde lagt seg, so høyrde han einkvar, som gjekk uti tune, og han høyrde tydeleg det sette fraa seg ei rive innimot stoguveggen, so tindane skrapa.

«Naa kom Hans att mæ riva,» sa Hallvor.

«Eg høyrde dæ,» svara Dordi, kona hans.

I det same saag dei gjenom glase ein litinvorin kar med ei pikkluve paa hovude, som hatta uppyvi bakken fraa tune.

Um morgonen høvde det seg so, at Aadalsfolki skulde til Uby, ein stoule uppi heidi, og slaa. Daa dei skulde taka riva utmed veggen, so var ho burte, og daa dei fôr framum tune paa Hegnin og fortalde detta, so segjer han det, han Hans, at ingin der hadde vori utangards um kvelden, og riva laag i lødo paa Hegnin, der dei hadde lagt ho daa dei kvelda.

Det byrja regne um dagen, daa dei reiste paa heidi aa slaa, og uvêre varde i tri vikur.

*     *     *

Ein kveld, daa Hallvor hadde lagt seg, vart han glasande gjenom glase, og saag ein litin graaklædd gut smette seg inn i smidja, og han høyrde tydeleg kor han plaaga og klarra med smidjegogni. Men um morgonen laag alt paa plassen sin, og ikkje liknels aa sjaa til at det hadde vori folk i smidja.

*     *     *

Fyre regn og uvêr um sumro hadde tussane stødt til vane aa rulle stein ovantil bakken og ned i tune.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *