Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Tussar paa Gravalid

 

Paa Gravalid i Selgjord var tussane so grettne og mynduge jamt.

Um sumro, naar det var regn og uver, heldt dei ei fæl leven uppi ein nut attmed stogo. Det rapa og rulla og dura og glama, so ein kunde tru heile nuten ramla ned. Og so vart det kasta steinar ovanfraa nuten og radt heimi tune, og dei kom gjenom lufti med slik fart, at dei skvatt i kav i jordi. Rarast var, at slik steinerts fannst ikkje anten i urd eller fjøll paa lang leid kringum. Gamle Gravalid-mannen varsla alltid slaattekarane sine, naar det var regn i vente, at dei maatte sjaa seg um, naar dei gjekk yvi tune, so ikkje tussesteinen raaka dei. Det var ikkje sjeldan, at stein klass i kav i marki tett attmed dei; men aldri vart nokon raaka heller.

*     *     *

Kveldvárt var det au paa Gravalid. Ingin maatte hogge eller banke der, etter det var myrkt, og ikkje gnavle og glama med noko slag. Raaka det at nokon av vanvare smelde for hardt att stogodynni um kvelden, so sprang ho straks etter upp paa vidanvegg av seg sjov, so det riste i stogo.

Naar kvinnfolki hadde bruka saastongi, og bori inn vatn til kvelden, so kunde det hende, naar dei var ferduge, at dei kom seg ikkje ihug, men stod inne i stogo og slengde saastongi utatt i svoli. Daa kan du tru det var kje lengi vente, førr ho vart hivd innatt i stogo i slik fart, at ho endereiste seg mot veggen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *