Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussar paa Hugserdalen

Hugserdalen er ein plass under Larvik i Selgjord, og ligg kav innunder Gagnaas.

Der var tussar stødt og jamt i gamledagar. For 80-90 aar sea budde der ein som heitte Gunnar; han flutte sea til Kivle, og so reiste han til Amerika. Daa han budde paa Hugserdalen vart han ofte plaga av tussane, og dei var stødt so pingsute og gjorde honom ikkje anna enn pelement.

Um sumaren i høyonni, naar det kunde vera hætt um stundine, og Gunnar dreiv paa aa bar inn høy, so hende det ikkje sjeldan, naar ‘n hadde reist seg med høysbyrdi, at tussane var bakanfyre og rykte honom ikoll att. Detta kunde vara kast paa kast, og Gunnar var tidt so eitrande sinna, at han mest ikkje styrde seg; men daa skrasla det og lo so godt attum røysar og reinar.

*     *     *

Ein jolaftan stod Gunnar uti tune og hogg ved til helgi. Daa tok tussane paa aa snjobaka honom, so det var reint gjerdlaust. Snjoballar kom fraa alle kantar, og raaka honom i skallen og alle stadir. Verr og verr vart det, og seinstpaa laut han taka sprange innatt i stogo.

*     *     *

Sea budde Tov og Ingerid Kosi der nokre aar. Daa var der au tussar. Kvar kveld naar varmen var sløkt paa gruva, og folki hadde lagt seg, so byrja det til kala og spinne fram med gruva. Og slik gnavel heldt dei, at det var mest ikkje raad aa faa nottero. Tov laag jamleg burte paa arbeid, og det var helst naar kona og bonni var eismall heime, at tussane trudde seg best.
Mang ei nott laut Ingerid uppatt og nøre paa varmen, so ho fekk tussane ut.

Tov vilde i fysstningi ikkje tru noko paa detta med tussane, han, og tidt gjorde han berre gapa seg aat det kona fortalde, og meinte paa at ho berre skræmde seg sjov.

Men so hende det ein kveld, at Ingerid vart henta til ei barsølkjerring i Lindviki, og Tov laut vera att eismall med bonni. Daa det leid til sengjetid og bonni hadde somna, so skara Tov elden og la seg i god ro. Men ikkje førr hadde han komi i sengi og rogga seg til, førr det byrja fram med gruva. Der spann det, og der kala det, og der mulla det og rødde, og gvein og baldra paa so mange vis. Han laag ei god stund og høyrde paa detta; men det varde og det rokk, og ikkje var det ro aa faa. So reis ‘n uppatt, nørde paa varmen og sat uppe heile resti av notti.

Men daa fekk ‘n sanne det kona hadde sagt.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *