Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussar paa Midbøen

Gamle Lavrans Midbøen i Selgjord var so graatidleg uppe ein morgo. Daa saag han ein tusse som stræva og bar so tungt paa eit konnaks, og midt paa laavebrui stelde han seg til kvile. Daa kunde ikkje Lavrans halde seg, anna han ropa til honom:

«Æ dæ noko aa kvile fe, naar du ikkje hev tøngre byri daa!»

«Byrænn skaa bli mindre fe deg her etter denne dag!» svara tussen. «Aa om du lever din alder ut her paa garden, saa skaa kje boni dine sita her,» sa han.

Det tottest herme etter au, som tussen hadde sagt. Lavrans sat no med garden, og greidde seg toleg bra, men det gjekk no hardt paa medelen hans. Ingin av bonni hans fekk garden, hadde no berre tvo gjentur au. Men bonnebonni hans hadde garden eit bil. Elles hev det vori so ymse med ætti hans paa garden, stundom hev ho lest vori der, og stundom hev ho vori radt burte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *