Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussar paa To

 

Paa To i Selgjord heldt tussane seg stedt. Rett um joleftaen og dei andre høgtidsefta’ane, daa heldt dei slik staak der og var so nærgangande, at folki ofte maatte ryme stogo.

Paa Loftsgarden i Nordbygdi budde ein dei kalla Stor-Eivind i denna tidi; Stor-Eivind var ein uryggjeleg stor og sterk kar, og ein vonding og uhynde reint makalaus, han døydde for umlag 60 aar sea. So hadde han høyrt gjeti detta um tussane paa To, og so var det ein joleftan, han sette seg fyre aa vera der aa jaga dei. Tofolki var glade for det, og skjenkte øl og brennvin paa ‘n, so han snart vart i rette villmannslage, frøste som ein grahest, og skum og syklur spruta som fraa ein foss, naar han rødde og romla. Alt i eitt var han ute i tune og hussa og skreik so det svara langt burte i fjølli. Men daa det leid noko langt utpaa kvelden kom tussane paa glase, og det var so mange, at det urde og krudde av skallar utanfyre og rundt veggine. Daa la Stor-Eivind ut. No gvaala han og skreik verre enn fyrr, og slo og spende so det draus ikring honom. Daa rymde tussane fraa stogo, og heile skreide sprang ned i ein myrk fjosgang. Eivind la etter dei der au; men daa var ‘n seld. Der la dei paa ‘n alle saman og i bakken med ‘n, so det knaka i bein og bonur. So baka dei paa honom der ei lang slotu, og reint myrbanka ‘n. Daa han kom seg uppatt var det berre med naudi han orka aa rikte og gange, og han var unyt i lang tid etter.

*     *     *

Gamle Hallvor Swink fortalde, at eigong han vilde til ein stoule uppaaa Lidfjøll so f6r han framum tune paa To. Det var seinst i slaatonni.

Paa To budde ikkje folk denna tid, husi stod øydne. Daa Hallvor kom i tune, so høyrde han det var folk inni stogo, for det rødde og lo og buldra paa i munnen paa kvarandre, plent som stogo skulde vera stappa av folk.

«Naa skaa du sjaa onnefolkji hev komme aa skaa te mæ slaatten her,» tenkte Hallvor med sjaveseg.

So sette han ned det han bar paa og gjekk inn. Daa han var i svoli og tok i klinka høyrde han endaa tydelegare koss det skvaldra og rødde inne, baade karar og kvende lyddest det. Men daa Hallvor let upp dynni fanst det ikkje menneskje aa sjaa, og ikkje merkje etter noko slag. Daa fysst skyna han, at det var tussane han hadde høyrt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *