Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussar paa Uvaas

Paa Uvaas i Hjartdal heldt tussane seg so mykje. Dei staaka og stelde i garden plent som dei vilde. Og dei gamle folki der øsla og kryssa med dei paa alle vis, gav dei drykk og mat av alt det beste som til var, og akta seg væl for aa gjera dei i mot paa nokor vis.

Men so hadde dei like for det au. Tussane rettleidde alt i garden, og var baade i kjøken og kjellar, i fjos og stall. Hestar og kyr vart stulla og stelde baade dagar og nættar og dei økla og ols og voks og trivdest betre enn andre stadir.

Fôr og mat var det so umframs drygsl i, og aldri trot eller naud for noko slag. Folki kom seg i vælstand til kvart aare og vart skvett-rike.

Ei gong hadde dei ei tenestgjente, ho var nyleg komi der og var lite kjend med styr og stell i garden. So ein kveld er ei av kyrne daglaus og stend og skal bera. Daa det lid paa kvelden so spyrr gjenta, um ho kan leggje seg eller um ho skal vaka yvi kyri. Kona svarar ikkje eit ord. Um eit bil, daa alle hadde lagt seg, so spyrr gjenta uppatt det same. Ikkje svar fekk ho. Gjenta tottest detta var ei rar gjerd, men fugga seg daa til-sengs. Um eit bil reis ho uppatt, ho hadde ikkje godt i seg for kyri, og snugga ned i fjose. Men daa ho grytter paa fjasdynni, so veit ho ikkje av, førr ho fær ein dask yvi kjeft og nasar av greida, som hadde komi fraa kyri, og det so dugeleg, at ho kanta baklengjes og vart liggjande lengi i uvite. Daa ho kom til seg att, so skunda ho seg inn til kona og klaga seg.

«Ja, haatt ville du dær? Haatt ville du dær?» svara kona.

Gjenta tottest detta var eit undarlegt svar, men gat ikkje meir. Men kona reiste upp um ei stund og koka ein grepa rjomegraut og bar nedi fjase.

Um morgonen daa dei kom i fjose hadde kyri bore, og ein stor ven kalv dansa i bingen. Fjose var moka og alt fiffa og stelt; men koppen som rjomegrauten hadde vori i var tom. Etter denna tid hadde gjenta det brylaust og makelegt um kyrne skulde bera, tussane greidde alt.

*     *     *

Men so døydde dei gamle Uvaasfolki, og nye folk kom til garden. Daa vart det annan styr og staak paa Uvaas au. Ingin av dei gamle skikkane vart i bruk, alt baade smaatt og stort skulde vera paa ei onnor gjerd.

Tussane vilde dei ikkje vita noko av, men berre trassa og tverka med dei paa alle leidir, so dei fekk ikkje stor vyrdsel og vællæte no. Men so fekk Uvaasfolki lute det utatt au. Krøturi treivst so ille, at det var reint grøteleg; dauda gjorde det baade smolog og naut alt i eitt. Stundom um morgonen so kunde tvo-tri av sauine stande klemde med hovudi nedi vatsbytta og hadde kovna. Stundom kunde tvo kyr vera klemde inn i ein baas og ein klave, so dei var klare naar folk kom til, og eitt var det stødt. Gjekk hestane i marki um sumaren, so hende det alt som tidast, at dei fôr utyvi fjøllhamrar og slo seg ihel. Grøda vilde aldri slaa rett til, og skyvart var alt dei hadde i husi. Gogn og greide fekk aldri vera i fred, men vart sundbroti og slengd hit og dit. Folk fekk tussebit, eit saar som aldri grodde att, men hovna upp kvar maanadsdag og verkte og var vondt; hovudverk og ilt for bringa fylgde.

*     *     *

So kom Uvaasmannen paa det, at han vilde flytja stogo. Han hollsteina og stelde og lagde svillane; men um morgonen var alt nedrive og slengt til alle kantar.

Han sette paa att mange gongur og hadde mykje folk med seg til timre. Dei hadde stogo uppe til bjelkane, men um notti vart alt nedrivi att og laag i ei røys, sundbroti og ille medfari rundt ikring. Detta varde og rokk heile sumaren, um nættane høyrde dei koss stokkane rulla ned att paa upprullarane, so lengi det var att ein. Sistpaa laut Uvaasmannen gjeva seg, det var radt uraad aa faa stogo upp.

*     *     *

Ein dag daa dei hadde vori inne til undors og mannen laag att aaleine innpaa sengi, han var so trasaleg og klen — so kjem det inn tvo tussekvende. Dei stilde seg so lognt og fint inn gjenom dynni og burt til borde, der tok dei fram mat og sette seg til aa eta. Mannen laag og bisna paa detta lengi; men so vart han so forfjusen at han spurde:

«Æ dæ min mat de øta paa?»

«Nei,» svara dei. «Me øta paa kons egen mat, aa me strævar liksaa ærleg for maten me som andre,» sa dei.

Og so nysste dei saman kvar matabiten og snugga paa dynni. Men dei hadde pela so væl kvar smula, at det fanst ikkje eit augnerusk aa sjaa att paa borde daa dei hadde reist.

*     *     *

Ein joleftan i skumringi reiste tenestguten paa Uvaas uppi skogen med hesten og skulde hente eit beit-lass. Der ligg ein stoule, som heiter Lyning, og ovanfyre er det ein høg aas, som dei kallar Lyningaasen. Innunder Lyningaasen laag det saman-hoggi ein stor haug av beit og bar, som guten skulde taka av. Han skunda seg og leste paa tvo-tri bjørkar, men fær ikkje førr snudd seg, førr dei vart hevde langt burti snjoen; soso varde det lengi. Guten tottest det var harmelegt aa koma heimatt med tome sleden, og ei stor skam attaat, og so sette han paa gong paa gong og leste paa; men bjørk og bar fer som dei var blaasne av og langt burt i snjokaven so gove stod.

Tilslutt vart guten reint avgjevin og laut faure heimatt med tome sleden, men daa heggrelo det uppi Lyningaasen so det skrall i fjølli.

Det var kvelvart paa Uvaas, og difor vilde ikkje tussane vita av, at nokon paa garden gnavla og arbeidde so seint ein høgtidseftan; dei gamle hadde stedt vori so varsame med det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *