Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussar ved kvenna.

Her i dalen var det kvennhus i kvar grend så sant det var ein bekk som kunne dra kvenna. Såleis var det også i Gyllandgrenda. Det hadde vore kvennhus i bekken så langt attende folk kunne koma i hug. Kvenna var bruka av folk i grenda og av folk frå andre grender der det ikkje var kvennhus.

Så var det ein torsdagskveld det kom ein nerbygg og ville låna kvenna. Eigaren drog på det, men så vart det til at han skulle få sleppa på lell. Han var med borti bekken og sette kvenna i gang. Med det same han gjekk heim att sa han:

«Du æ nøtt nå redd da vette .. , . nei, nei, det æ nott nå ferle heil, men det ha rett henda seg at tussan ha komme med melderlass om torsdagskvelden, og da æ det nø sekrast å pell seg unna.»

Kvenna mol så mjølrøyken stod inhi huset. Mølnaren sto og kleip i mjølspruten som kom fram mellom kvennsteinane. Brått vart han ståande å lyda med mjølklipen i handa. Var det ikkje ei vogn som slamra mot steinane i vegere utafor?

Jau, der protta det til hesten og døra flaug opp. Ein liten, blåkledd kali skreva inn over dørstokken.

Og så bar det ikkje betre til enn at tussen ville låna kvenna. Han hadde fari så langt og måtte vera heime att før sola rann morgonen etter.

Nerbyggen var ikkje skvetten av seg, og han ville vita kva han fekk for å ta av konnet. Tussen lova ein sekk mjøl og nerbyggen kraup opp på kvennloftet og la seg i kvennsenga. Og der låg han og hørte korleis tussane masa med melderen heile natta. Først langt ut på morgonen stilna det av og han hørte lasset kjøra bort. Han drygde ei god stund før han gjekk ned. Tussane hadde lagt godt på peisen før dei for. Det loga og brann, og i gløsljosken såg han kor vel tussane hadde pussa opp etter seg. Attmed mjølkista stod ein full mjølsekk. Sekkbandet låg oppå sekken. Mjølet var så kvitt og fint at det var vanskeleg å skjøna at det var mali på ei skarve bekkkvenn.

Det er sagt at tussane hadde fortald at denne mjølsekken aldri skulle bli tom, men om det vart slik har ingen hørt gjeti. Slikt tussemali mjøl skulle etter trua vera ”nå aparta te kakumjøl”.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *