Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussbrudlaup og tusskjørkje.

Ein mann frå Sørbygda i Soknedal hadde vori i sæterdalen tidleg ein vår. Han hadde hoggi sommarveden og sett grindane i lea i voll-utgarden. Sauene var komne i marka, og hestane var også slepte på markabeite, men det var enda ei god stund før vanleg flyttetid til sætrene.

Mannen var ferdig med arbeidet på sætra og var på heimveg. Vegen går framom eit berg som no blir kalla: «Tusskjørkja». Han nærma seg staden og så hørte han klokkeóm og slik trollfager musikk, og da han skulle sjå seg om heldt han på å tulla seg frammi ei heil tusshorg. I siste liten fekk han smetta seg attom ein einekrase, la seg skinnflat på marka og gløtta fram under buska. I staden for berget såg han ei kjørkje med fin treskurd og hogt spir og tårn. Døra stod open, og han såg inn gjennom kjørkja heilt fram til koret. Det blenkte og skein der inne, og eit brurpar gjekk nett inn døra. Musikken fløymde ut i vårdagen. Hestane humra og kneggja og kvein utafor leet der dei stod bundne, og da han skulle sjå vel etter, vart han var at mest alle hestane i grenda stod der. Men det var så fint sele- og salty på dei at det skein og blenkte i sølv og gull. Mannen låg roleg til tussane kjørte og rei frå kjørkja att. Med det same hørte han ein hard skrell i berget og kjørkja var borte. Men ei lang stund såg han konturlinene i det fine byggverket. Dette berget ligg nord for Holsvollane i Soknedal, og namnet på berget er: Tusskjørkja.

Ein annan stad i same sætergrenda er det eit borg som blir kalla: Tussbergje. Her var det ikkje vandt å råka borti tussar i gammal tid, og det var ikkje mange som kjæra seg om å fara framom der etter at det vart mørkt om haustkveldane. Dette berget ligg ved Hagevollen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *