Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussdans på måneljost golv.

Ei kone frå ein gard utmed Hauka var på vitjing til skyldfolket sitt på same garden som kona tala med tussane da ho sat og spann. Ho kom til garden på ettermiddagen og vart vel motteki av folket. Dei sat oppe ut over kvelden og tala saman attmed peisen. Ute var det fullmåne og hardtela mark.

Framandkona vart vist opp på loftet der ho skulle liggja. Det var eit stort loft med tre senger i kvar si krå, men det var berre ho som skulle sova der. Husfolket sov på loftet over daglegstova. Dei gamle hadde senga si nede i sjølve stova.

Ho la seg og somna mest med det same.

Da bråvakna ho med så fin og feiande felemusikk. Ho gneid seg i augo både ein og to gonger. Kva var rett dette for styr og stell? På sengkanten ved andre veggen sat ein liten spelemann og leika på fela. Månen la ei bru av ljos innetter golvet, og midt i ljoskrinsen var det ei horg med tussar som svinga seg i dansen. Dei var så lettføtte at det var som dei sveiv i lause lufta. Ho hørte ikkje at dei var nedpå golvet, men ho kjende gufsen frå dansen.

Ho låg og såg på dansen heilt til månen gjekk ut av romet. Da vart det slutt med dansen òg. Musikken tagna, men kona fekk ikkje sova meir den natta. Ho låg og tenkte på det synet ho hadde hatt, men redd vart ho ikkje.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *