Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tusse-slagsmaal i Ytre Selgjord

Paa Dale i Ytre Selgjord kom eigong ei gjente springande inn i stogo. Ho saag so skræmd ut og ingin kjende henne. So tok ho paa og trygla og bad paa karane, at dei endeleg vilde fylgje med henne, for dei slost so fælt heime, sa ho, og kom til drepa bror hennar, um dei ikkje kom og hjelpte.

Men Dalskarane la so lite til og berre gloste paa ‘o, og grov og spurde kvar ho var i fraa.
«Me bur ende her borte,» sa ho, «aa æ grennæn dekkons.» Karane vilde ikkje ha noko med denna ugreida, og so sprang ho paa dynni att.

Men straks etter kom ho att, og baade gret og bar seg, og bad dei vilde koma og hjelpa bror hennar, for daa var det mest ute med honom, sa ho. Nei, Dals-karane var like tverre og vrange, og stuvnekta, og gjenta la avstad att. Men so drog det dei etter, at det kunne vera gale au aa ikkje fylgje med ho, og sjaa i det minste, og so gjorde dei seg reiduge.

Men i det same kom gjenta att trea gongi.

«Naa tar de ikkje kaama,» sa ho og saag so ille sutefull ut; «naa heve di drepe bro’min!»
Og so lova ho fælt vondt, for dei ikkje hadde hjelpt.

«Dæ skaa kaama hevn i ætti dekkons saalengje ‘o finns paa garen,» sa ho.

So kvorv ho burt, og dei saag ho aldri meir.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *