Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussebrudi paa Dølor

Paa Dølor i Lunneherad var ei gjente trulova og skulde hava brudlaup um nokre dagar. Men so vart ho braatt burte ein dag, og dei kunde ikkje finne ho att, alt dei leita og spurde baade nære og langt ifraa. Far hennar var so reint utav det, han, og gjekk og leita og grov i kvart hole.

Ein dag var han uppi marki og leita. Som han sat der frammed ein fjøllvegg, so høyrde han det gret og jamra seg der inne og tottest skili kjenne maale av dotter si. Daa sprang han heim so fort han kunde etter byrsa si, og so skaut han yvi fjøllveggen. Daa veit han ikkje av, førr dotteri stend framfyre honom i staseleg brudebunad, og det lavde av sylv paa henne. Ho hadde vorti bergteki, og den dagen skulde ho hava brudlaup med ein gamall tussekall, difor gret ho so og jamra seg daa dei klædde ho, for daa var straks alle vonir ute um aa koma utatt.

«Naa har me bare att aa vrengje augo!» sa dei, daa ho var ferdugklædd; men i det same small byrsa av far hennar, og daa var ho berga.

Tussane kom etter og naudbad, um dei maatte faa att sylve sitt, for dei hadde laant det, sa dei. Men far til gjenta nekta, og tok det med seg heim.

«Ja, du ska ikkje ha stor glæa a dæ!» ropa dei etter honom.

Han gøymde sylve i lofte, og tussane fekk ikkje meir. Aare etter kom det varme laus, og lofte brann upp og alt som inne var. Sylve braana og rann ut yvi ei liti bergufs som lafte stod paa, og det syner enno merkje i bergufsi, der tussesylve hev runni.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *