Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussebrudlaup

Prosten Caurin (prest i Selgjord til i 1818) fortalde dette med gamle Høye Øvland i Selgjord:

Ein dag kom der ein framandkar inn paa kantore til prosten. Han stod liksom so forlegin attmed dynni ei stund, so segjer han:

«Vi du bea stullegjenta di, at ho vi halle dæ tørt paa fjas-golve i morgo saa dæ ikkje dryp nepaa matbore kons, fe i morgo skaa me halle brylløp.»

Ja, prosten lova det.

«Men vil De komme inn paa kontore til mig, naar De reiser til kirken i morgen,» sa han.

Guten lova det.

Prosten aatvara stullegjenta, at det ikkje maatte koma væte paa fjosgolve, og gjenta moka og sopa og strøydde best ho kunde. Um morgonen sit prosten paa kantore. Best det er gjeng døri stilt upp, og inn kjem eit heilt fylgje av staselege folk. Fyre gjeng spilemann som i eit vanleg brudefylgje, og deretter kjem brudi og brudgomen, og sa alle dei andre. Soleis gjekk dei ein sving rundt borde, der prosten sat, og utatt dynni likso langt og stillt som dei kom. Det var fine og vælskapa folk alle saman, og so mykje sylv hadde dei paa seg at det lavde.

Ingin av dei andre folki i Prestegarden anten saag eller høyrde dei.

«Men hvem det var — det vet ikke jeg mer enn du, min Høye!» la prosten til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *