Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Tussedans på skaren

I gammaltida var det markakjøring på alle gardar i Støren om vintrane. Slik også på Aunegardane. Karane var tidleg ute og kvinnfolka hadde foringa av hestane med karane fekk seg mat.

Ein morgon i firetida gjekk kona på ein av gardane ut i stallen og ville fora hestane. Det var blank fullmåne og gneistrande stjerner. Med det same ho opna stalldøra smatt det ut ei horg med små tussar. Dei for bortetter skaren som tindra og skein i tusen små iskrystall, tok kvarandre i hendene og dansa bortetter skaren. Men ho hørte ikkje den minste låt av stega.

Musikk tona frå trollstemt fele ein stad …

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *