Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Tussefletta i skjegget

Det er fortald om Nordvikgubben ved Femunden at han hadde fått tussflette i skjegget.
Ein stad ved vegen mellom Synnervika og Nordvika er det ein haug som blir kalla Tusshaugen eller Tusshauan. Her var det Nordvikgubben sette seg og kvilde i vårsola. Han hadde visst duppa av på steinen, og da han vakna hadde han fått fletta i skjegget.

Iver Skjevdal var soneson til Nordvikgubben. Ein vårdag fekk han vera med far sin. Dei skulle sjå etter sauene som hadde reist til fjells før dei eigentleg hadde lov til det. Ivar var liten gut den gongen. Der Kojebekken renn ut i sjøen skulle Iver sitja att på ein stein og venta på faren med han var opp i lia og såg etter dyra. Saubjølla klang så friskt der oppe i åsen.

Etter den dagen fekk guten så vondt i høgre foten. Han var ikkje gongbørgj, men måtte stø seg frammed vegger og stolar. Guten var til Tønset og vart koppa for vondska. Han var til lækjar, men like mykje hjalp det.

Rosbark-Marja kom da til Skjevdal. Ho tok ei tynne og gjorde badevatn av bork frå sju slag lauvtre. Ho hadde borken med seg i ein typose. Badet var skoldande heitt. Det dampa og rauk av det. Marja tok guten og kledde av han kvar einaste tråd, og løfta han opp i tynna.

Han sto i borklaugen til livet. Marja la eit tjukkt klede — eit sjal over tynna og pakka det godt innåt guten. Berre hovudet og akslene på han var synlege.

Slik sto han i vatnet til det kolna.

Det gjekk mange år.

I konfirmasjonsalderen verkte det ut ein beinsplint i venstre kneet. Etter det tok føtene til å bli betre. Dei vart med kvart så gode at Iver vart full arbeidskar og han levde til han var over 90 år.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *