Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussegjenta frir

Gamle Hallvor Sveinsson Utgarden livde i fysste helvti av 1800-tale. Ein dag var han paa veg uppyvi til Finndal, ein stoule i Selgjord. Det leid alt langt paa kvelden og var kolmyrkt daa han kom til Torslid, ein stoule lenger nede, og so krabba ‘n inn i eit sel der og la seg.

Utpaa notti vakna han. Daa skein maanen so blankt inn i sele, og Hallvor vart liggjande ei lang slotu og ikkje fekk sova. Daa kjem det inn ei ung ven gjente, stasleg er ho klædd, og snaal og sneddi paa lage. Ho gjeng beint burt til Hallvor og set seg inn paa sengjekanten.

«Gu’kvell, Hallvor!» segjer ho med eit klingande mæle, og gjev seg til røda og skjemte, plent som dei skulde vori gamle kjende.

Daa ho hadde siti eit bil, so slo ho frampaa um at Hallvor var so tilaarskomin no, at han laut tenkje paa aa gifte seg.

«Aa tek du meg te kjering,» sa ho, «saa skaa du ikkje trega paa dæ; eg skaa seta deg te vælstann aa lykke, saa du skaa bli den gjævaste mann i bygdi.»

Ho kridde paa um detta ei lang slotu og var so strid, at det var kje maate paa det. Hallvor vart reint brydd, han, og laag berre og humstra og fekk ikkje eit ord for seg.

Um ei stund korn der inn ei gamall kone au. Ho var fælske-leg ljot og stygg, hadde lange fæle tennar i yvikjeften og lange krokute nasar. Ho kom au burtaat sengi til Hallvor, tok paa aa lægja og skjemte, og var endaa stridare paa at Hallvor skulde trulova seg med den unge vene gjenta.

Ho var reint grov, den gamle, tok paa aa kitle Hallvor og vilde draga klædi av ‘n. Daa lo den unge gjenta.

«Vi bestemor fornærme deg?» sa ho.

Men so tok Hallvor tollekniven sin og svinga yvi seg. Daa drog kvendi seg utatt. Men i dynni vende ho seg den gamle og sa:

«Men du kjem ei gong te trega paa detta teboe, Hallvor!» So vart dei burte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *