Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tussekalla i skogen

Det var ein gong to karer som køyrde vegen til byen. På eit stelle skulle de gjennom ein skog, og der vart de var eit par tusFekaller som satt og telja på eit trestykke. Da hukte kara seg ihop og kraup nærere innpå, for de hadde hug til å se betre på dessa småtassa. Tussekalla dreiv og prata på hå de skulle gjæra, og detta de skar på, likna som på eit menneske. Så tok kara til å lye etter, og de høyrde at tussekalla prata på å gå til eit stelle der det var eit lite barn. Det skulle de ta, og så legge det utskårne trestykket i vogga i staden. Natta etter skulle det skje.

Da kara skjønte hå det galdt, skunda de seg til stellet og var der om natta, og heile tida sto de ved vogga og poste på. Om tussen kom, fans det fleire råder å gripe til så’n ikke fekk bytte barn. Ein kunne gjæra korstegn og lesa bønner over barnet, eller ein kunne legge stål på det eller i vogga.

Den gongen fekk ikke tussen gjort noe gali.

(Am. Bråten)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *