Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tussekjerringa på Glemyra

Han Embret, bestefar min, skulle på setra ein mårå. Det kunne væra så ved 5-6-tida, han brukte væra så tidleg oppe ‘n Embret.

Da han kom på Glemyra, fekk han auge på eit kvinnfolk på side åt vegen. Ho var nokså lita og kom stikkende fram under ei gran og tusla og gikk bortetter. Kring akslene hadde ho enda eit bundingstørkle med knut bakpå ryggen. Detta mennesket tykte’n likna så mye på a Tea Nesteby; ho brukte å fara så mye deromkring og sanke kvist og rat til ved. Men så tykte’n au at det var rart at ho skulle væra så tidleg oppe.

Best det var, vart detta kvinnfolket søkkende borte, enda han glåmde etter det på alle leier. Ja det var det rareste han hadde sett.

(Hans Børstadinngjerdinga)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *