Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussekona paa Utgarden

Paa Utgarden i Selgjord er ein stor rund haug attmed husi. Der heldt tussane til i gamle dagar. Ein dag stod Utgards-kona og skar. Daa var der ei stor og vid podde i aakeren som ulka og vabba rundt kjerringi og ho kunde ikkje faa kara ho ifraa seg koss ho bar seg aat. Seinstpaa segjer kona so i gaperi:

«Reis naa heimatt mæ deg, saa skaa eg kaama te deg naar du blir liggjans aa akte deg paa seng.»

Koss detta var so vabba podda avstad, ho, og kona gauma ikkje meir etter kvar ho vart av; men i aakeren kom ho ikkje meir.

Seint ein haustkveld banka det paa i Utgarden, og kona gjekk ut. Daa stod det ein framandkar der.

«Vi du komma te konn aa akte kjeringji mi paa seng naa?» sa han.

Nei, Utgards-kjerringi hadde ikkje raad med det, meinte ho.

«Ja, men du hev lova dæ,» svara framandkaren.

Daa vart kona undri, for ho kunde aldri minnast at ho hadde lova sovore til nokon.

«Minnes du ikkje, at dæ kom ei pødde te deg i aakeren, daa du skar i saammaar. Dæ va kjeringji mi, dæ; ho gjekk neveltans daa. Aa daa lova du ‘o dæ, at du skulle akte ‘o paa seng, naar ho blei liggjans.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *