Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tussen bygger kjerke

På eit stelle skulle de bygge kjerke, og til det arbeidet fekk de ein tuss. Betalinga skulle væra at han skulle ha anti sol hell måne, anti mannen som sette bort bygginga, dersom han ikke kunne gjette namnet på tussen inna kjerka sto ferdug. Bygginga gikk fort fram den, men mannen var ikke stan om å komma etter med hå tussen heitte. Snart vanta berre spiret på tårnet, og mannen var reint utav seg. Ikke kunne han hente hokke sol eller måne ta himmelen, og da ville det gå så tussen tok han sjøl. Han dreiv omkring og gruvla og visste ikke si arme råd. Best det var klang det så rart under’n, og han høyrde det sang nedi jorda:

«Ti ti du guten min. I mårå kommer’n Finn far din att med sol hell måne åt deg, eller med ein mann.»

Da vart mannen glad. Nå visste han namnet på tussen og skunde seg åt kjerka.

Der dreiv tussen på høgste tårntoppen og nagla spiret fast. Da skreik mannen opp til’n:

«Du har sett spiret skakt, du Finn!»

I samma blinken glei tussen av tårnet og datt ned og slug ihel seg.

(Inger Sanderengen)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *