Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tussen dreger i hus

Det var ein gong ein mann som det gikk så bra for, og han vart rik og velbergen. Naboen gikk det derimot kleint med, så han måtte klore og slite alt han vann for å få enda til å rekke i hop att.

Så var det om hausten i skåronna at denna første bonden dreiv og køyrde lo. Da såg de ein liten grå tass som gikk og sterte på noa få strå oppover låvbrua. Og han stanka og stanka. Da ropte mannen til’n:

«Kan detta væra noe å stanke så for, det da?»

Da sa denna tassen.

«Det skær nuk bli mindre!»

Sia den dagen tok han til å dra til naboen, så han vart meir og meir velstående.

Men den fysste gikk dei reint skralt med etter den dagen.

(Olea Nesteby)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *