Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget


Tussen gjekk med bart ljos.

Mellom gardane Amdal og Hongrød gjekk gammalvegen gjennom mørk, tettvaksen granskog. Ein stad midt i marka renn det ned to bekker. Staden blir kalla:

«Sømed bekkøm i Amdalmarken».

Her var det nok ikkje alle som lika å ferdast etter at det vart mørkt om haustkveldane. Mykje og mangt spøkte nok i hugen.

Ein haukbygg hadde vori til Støren, og det vart seint før han kom seg på heimveg. Mørkt var det som i ein sekk, og det var så stilt at ein mest kunne høre nåla detta i vegen. Sjøl den alttid levande skogsusen hadde tatt seg ei kvild.

Haukbyggen var komen til staden der dei to bekkene kjem ned da han fekk sjå ein blåleg ljoske mellem trea. Det lyste med klår, blågrøn ljoske som skar i eirgrønt all som tidast. Ljosken kom fort nærare. Hesten ville ikkje rikka seg av flekken. Ein liten kalltufs kom gåande etter vegen. Han bar eit talgljos i ein forseggjort massingstake — retteleg ein meisterstake var det å sjå til. Ljoset bløkta og blafrer så smått i verdraget. Tusskallen tok fram ei blank snytingsoks og snytte ljoset. Flammen kvikna til så det var mon i det. Og tussen gjekk vidare gjennom natta. Med kvart som han kom lenger unna, vaks han til og vart risestor — for til slutt å gå i eitt med svartnatta rundt ikring.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *