Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tussen i Gledalen

I Oledalen budde det to små kvinnfolk ei tid. Det var mor og dotter. Ja, de var så små så små!

Ein dag fekk dottera se ein saubøling bortpå jordet, og ein liten gråkledd guttass med rau lue flaug etter og liksom jaga på. Jenta trudde dette var ein gutunge frå Bekkholt, som heitte Harald, og dermed så ropte ho til’n og spurde: Hoss-dan står det til med mor di? — for ho låg sjuk ved de tider. Men guten svara ikke.

Gledalsjenta ropte da ein gong til — og høgere: Hoss-dan står det til med mor di!  Men svar fekk ho ikke da heller, og best det var, var det akkurat som guten hadde sokki rett ned i jorda, for borte var han.

(Olea Nesteby)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *