Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tussen i Målarstua

I Målarstua var det ikke vondt om tuss for ei tid attende. Smia stod den gongen så å sia like utafor stuguglaset. Somme tider hendte det at noen dreiv i smia og arbeidde utover kvelda. Men da dreiv tussen der og smidde lenge utover natta, så hammarslaga sang etter. Og slik var det med tømring og mye anna au.

Ein frå Sotbråtån var i Målarstua på arbeid ein gong. Så tidleg ein mårrå da han slug opp auga, stod ein liten gråkledd guttass frammafor senga hans. Og rau toppluve hadde han. «Men i Jøssu namn, hå skær du hen så tile på mårån, da bån?» sa mannen. Borte var han med eitt.

(Hans Myrer d. e.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *