Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tussen køyrer i karjol

Oppi skogen ovafor Bekkholt ligg det ein nedlagt plass som heiter Oledalen.

Vegen dit er hompete og ussel.

Ein gong var det ein mann som hadde vori oppi Verkensskogen og leitt etter hesta. Da han var på heimvegen, kom han over Gledalen. Best det er, ser han tre karer komma køyrende i hår sin karjol, og alle hadde like eins musgrå hester. Kara prata og var svært lystige og livale. Så svingte de gjennom grindsledet og inn på plassen.

Mannen tenkte ikke noe meir over det den gongen; men sia drog det etter med’n. Slike musgrå hester fans ikke i heile bygda, det han visste, og rart tykte han det var au at dessa kara køyrde opp til ein nedlagt plass. Han skjønte da at det var tuss han hadde sett.

(Am. Bråten)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *