Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

TUSSEN OG UTBURDEN

Tussen er eit skrymt som kan ta på seg ymse slags skapnad. Helst stend hans hug til å gjere vondt både på folk og fe. Talen um å vere tusset, tussebiten, tusseslegen kan ein høyre sume stader den dag idag. — Gjer ein noko gale berre av øsne so seier folk at han er no tusset, det er greit. Stundom syner det sg blå flekkjer både på folk og kryter, helst på lemene, det er tussebit. Stundom døyr kryter brått, og kjøtet er blått, då er dei tusseslegne, seier dei som hev vit på slikt.

M. B. 1904.

 

Ane Hovset

Eg hugsar endå so grant ei gamal kårkjerring som heitte Ane Hovset. Ho hadde ei slik framifrå fin og feit kyr som heitte Gullbjør. Ein kveld var kyra burte frå hin buskapen. So laut folk av garde å leite. Han far var og med. Sistpå fann dei henne. Ho låg på ei lita grøn slette på Vikesætra. Der var so vidt liv i henne, men meire var det ikkje heller. Ho Ane såg straks at kyra var tusseslega, og so vilde ho ha han far, som var ein «lesen» mann, til å be tussebøna over kyra; so skulde ho nok kome seg att, meinte ho. Han orsaka seg med at han kunde ikkje; for dei laut gå høgre skular enn han hadde gjort, dei som skulde lære so sterke ord. — Men ei gamal budeie som var med, ho heitte endå Bern-Eli og var frå Haddalsbygda, ho tok frami og sa at lærde dei ikkje so mykje på skulane no i tida, so vilde ho ikkje gje to skilling for lærdomen deira; og vilde ingen gjere vel i denne vanheppa, so faut vel ho eit uvist kvinnfolk gjere det. Dermed so byrja ho å gå rundt den sturta kyra medan ho las nokre myrke og mullande ord sam lydde umlag so:

«Eg manar deg ut av bein og merg,
so fare du inn i stein og berg.
Eg manar deg ut av kvart ledemot,
so fare du inn i ei bjørkarot.
Eg manar idag, eg mana igår,
so fare du ut av hud og hår,
no fare du dit du er komen ifrå
og aldri hit må du meire trå.»
— Ja, kyra fekk dei heimatt, og ho kråna til att noko um senn, og den fyrste smørmorka som vart kinna, den fekk ho Bern-Eli.

M. B. 1904.
Ulstein.

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *