Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

TUSSEN OG UTBURDEN

Tussen er eit skrymt som kan ta på seg ymse slags skapnad. Helst stend hans hug til å gjere vondt både på folk og fe. Talen um å vere tusset, tussebiten, tusseslegen kan ein høyre sume stader den dag idag. — Gjer ein noko gale berre av øsne so seier folk at han er no tusset, det er greit. Stundom syner det sg blå flekkjer både på folk og kryter, helst på lemene, det er tussebit. Stundom døyr kryter brått, og kjøtet er blått, då er dei tusseslegne, seier dei som hev vit på slikt.

M. B. 1904.

Bern-Eli

Ho Bern-Eli hadde både sett og høyrt Tussen so mang ein «ædeleg» gong, sa ho.— Ein morgon ho kom ned i fjöøset, sat han og skreik so styggeleg på ei ku. Han skulde nett til å slå henne; men ho Eli var ikkje den kjella som var kvekka av seg. Ho treiv fjøsreka. og slengde etter utysket; men då skreik han som ei skjor, og ut gjenom lukedøra bar det med honom, og det fort. Men for hennar augo såg han ut som ei blåringut barnehose, sa ho.

M. B. 1904.
Ulstein.

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *