Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

TUSSEN OG UTBURDEN

Tussen er eit skrymt som kan ta på seg ymse slags skapnad. Helst stend hans hug til å gjere vondt både på folk og fe. Talen um å vere tusset, tussebiten, tusseslegen kan ein høyre sume stader den dag idag. — Gjer ein noko gale berre av øsne so seier folk at han er no tusset, det er greit. Stundom syner det sg blå flekkjer både på folk og kryter, helst på lemene, det er tussebit. Stundom døyr kryter brått, og kjøtet er blått, då er dei tusseslegne, seier dei som hev vit på slikt.

M. B. 1904.

Rune-Alv

Alv var runekall, sa folk; for han kunde vikje burt tussane som mjølka kyrne. Dei laut fram, og då såg tussane ut som griser, rektig feite suggar.

Rindal 1904.

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *