Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

TUSSEN OG UTBURDEN

Tussen er eit skrymt som kan ta på seg ymse slags skapnad. Helst stend hans hug til å gjere vondt både på folk og fe. Talen um å vere tusset, tussebiten, tusseslegen kan ein høyre sume stader den dag idag. — Gjer ein noko gale berre av øsne so seier folk at han er no tusset, det er greit. Stundom syner det sg blå flekkjer både på folk og kryter, helst på lemene, det er tussebit. Stundom døyr kryter brått, og kjøtet er blått, då er dei tusseslegne, seier dei som hev vit på slikt.

M. B. 1904.

Tussebit

Henrik Stokkenes fortel: Eg skulde eit ærend burt i grannegarden. Då eg kom til låven kom kjerringa på garden til møtes med meg. Ho bar katten, deira, i fanget.

«Kva skal du med katten?» spurde eg.
«Kom inn i fjøset so skal du få sjå,» sa ho.

Der stod fleire kyr; men ei av dei såg noko tusset ut. Ho var hårlaus mange stader etter sidene og sår etter ryggen.

«Kva feilar henne?» spurde eg.
«Ho er tussebita, ser du vel,» sa kjerringa.

So tok ho tak med begge hendene kring midja på katten og drog han langs etter ryggen på kua, fleire vender framanfrå og attover.

«No tenkjer eg det rettar seg,» sa ho ag slepte katten ut.

Etter H. Stokkenes, ved J. Haddal, Vanylven. 1938.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *