Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

TUSSEN OG UTBURDEN

Tussen er eit skrymt som kan ta på seg ymse slags skapnad. Helst stend hans hug til å gjere vondt både på folk og fe. Talen um å vere tusset, tussebiten, tusseslegen kan ein høyre sume stader den dag idag. — Gjer ein noko gale berre av øsne so seier folk at han er no tusset, det er greit. Stundom syner det sg blå flekkjer både på folk og kryter, helst på lemene, det er tussebit. Stundom døyr kryter brått, og kjøtet er blått, då er dei tusseslegne, seier dei som hev vit på slikt.

M. B. 1904.

Utburden

I vikingtida var det skikk å «sette på skogen» eller «bere ut» nyfødde bom som var svake, vanskapte eller som på nokon måte ikkje var velkomne i familia. — Denne skikkjen heldt seg visseleg i løynd lenge etter at kristendomen vart innførd, i landet. – – Det er trua at det er åndene åt desse som er utborne som hev vorte til utburden. — Ingen hev set utburden skikkeleg, men mange hev kome i kjenning med han.

M. B.
*     *     *

I Jøtta (gilet) i Fløstranda var der før i tida ein leid utburd. Han la seg over folk som gjekk framum der, helst i juletider.

Gamle Knut Roppen, Flø, var serleg plaga av utburden. Ein gong har kom heim um natta frå eit, julegjestebod, fauk utburden på han og hengde seg på ryggen hans.

«Pass deg, eg hev kniv!» skreik Knut.
«Stikk og drag,» svara utburden. —
«Lat meg sjå korleis du ser ut?» sa Knut.

Han vreid på seg og såg attover herda. Då såg utysket mest ut som tre halmvondlar på ein hesjestaur.

«Då køyrde eg kniven i han, og utysket rann av meg,» sa Knut; «men eg var liksom øren i to dagar etterpå.

Ved Knut K. Flø. Ulstein 1937.
*     *     *

Ein mann i Gjerdsvika vart kalla Storrise. Han budde på Rise. Ein gong var han uppe i Sædalen og fiska i vatnet der. Men han hadde gløymt å ta «gudslån» med seg; for det visste alle at skulde nokon gå gjenom Sædalen utan gudslån i lumma, so kunde han bli ille faren. — Difor tak alle som skulde den vegen ei klype havre med seg.

På heimvegen kom utburden og la seg over herdane på Storrisen. Beistet var so tungt at mannen heldt på å sige i kne. Då treiv Storrisen tollekniven og stakk attum herda. Då vart han kvitt utburden. Dagen etter var han avstad og leita etter kniven sin. Storrisen fann kniven, men skaftet var brent.

Ved Olav Muren, Gurskøy

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *