Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tussen skar rug

Det var utpå hausten sist i skåronna, og det tydde på at det skulle bli ei frostnatt. Da var det ein mann som hadde ein svær rugåker ikke minst gjord (nesten moden), men heller ikke fullmata. I kveldinga såg det slik ut med været at han vart stygt redd for at det ville fryse om natta. Da kom mannen med desse orda til de andre:

«Hadde je hatt rugen skørin og oppdriin, skulle je vøri utskyldug (skyldig) den store stuten på fjøset.»

Om mårån da folk kom opp og ut, var rugen skoren og dregen opp på sneis — alt ihop rett og riktig. Og i fjøset var den store stuten borte.

(Petra Gjersøyen)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *