Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussen sto på ei steinhylle i berget.

Ei jente var til fjell's på tyttebærtur saman med noen andre. Lendet dei plukka i var frå gammalt kjent for å vera tilhald for tussar. Det var i sætergrenda «Nora Kleva» i Soknedalsfjella. Best som jenta gjekk der og plukka, såg ho oppetter rabbane, og på ei berghylle sto ein ilten, blåkledd kali og stappa i steingrunnen med staven sin. Ei god stund sto ho og såg på kallen. Ho vende seg og snakka til dei andre, men da ho skulle sjå etter kallen att, var han borte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *