Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tussen uroer om natta

I gamle dager hadde de det på at folk ikke måtte arbeide etter at sola hadde gått ned. Hendte det, så fekk de ikke ro sia om natta for tussen.

Oldefar til forteljaren dreiv ein syndagsefta på med å velte ein åker, for dagen etter skulle han til Seter og gjete. Inna han vann å bli ferdig, hadde sola gått ned.
Midt på natta vakna han av ein merkeleg dur, og han kunne ikke fatte hå den kom av. Sia somna han att, men vart vekt på ny av den samma duren. Da sette han seg opp i senga for å lye betre etter, og han høyrde tydelig at velten riksa og gikk rundt i stugua.

Sia den dagen torde han ikke arbeide ute etter at sola var gått ned.

(Helge Flaen.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *