Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Tussesætri i Kivledalen

Ein dag midsumarsbil var gamle Olav Nystoul i Kivledalen paa veg nordyvi Bygdardalen, og vilde til ei sæter som heiter Furustoul. Der sat ei gjente til stoules.

Olav var væl kjend paa vegen. Men best han gjekk vart han vare ei sæter tett innmed vegen. Han vart reint forstird, han hadde aldri sett anna enn myrkjosir og lyngtuvur dera førr, og noko sæter visste han ikkje av. Men sæter laag der no, sele stod paa ein litin kolle, og rundt ikring paa den grøne fine grasvollen laag krøturi og mjølla, store vene kyr og gjeitar og sauir.

Olav bisna paa detta og fælde det kunde vera noko trollskap med det; men so tok han mod til seg og gjekk inn paa sætervollen og vilde sjaa betre. Daa reis det upp ein stor brandsidut stut, som kom imot ‘n og lukta paa ‘n; men han var kje vond. Olav gjekk upg til sele og kika inn gjenom ei sproku i dynni.

Det laag tvo unge og nauende vene gjentur og sov i ei seng, og alt i sele var so fint og vælstelt, at ingin skulde sett likin. Koppar og kar var so reine og kvitskura, at dei skein som bein.

Um eit bil drog han seg nedyvi sætri att, og spronde og gloste so ikring seg, at han samla ikkje paa kor han gjekk, og best det var dreiv han hovudstup i ei lyngtuve. Men daa han no vilde sjaa seg um, var sætri burte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *