Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussgadden.

Uti sætermarka i Gynnildfjellet er det ein stad som blir kalla Brækslettet. Frå gammelt er det fortald mykje om tussar på denne staden. Og her er ei soge fortald av ein mann som ville vori mykje over dei hundre om han hedde levt.
”Her i Brækkslettøm står det en gadd. Det æ itt att så fælt my tå øm no. Det æ itt å vent heil, før tussan ha bruka jamt og samt tå øm te eldtennved. Det ha vørre vanleg bruksmåt itt å tå nå tå di di her gadda — før døm kunn kåmmå te å hevn se på den søm va så klåfengra. Mang en kald-hustrin høskveld kunn en sjå at det lyst grønt bortmed
tussgadda når tussan drev på med matstella sin….øm døm stelt mat …. ja det gjord døm. No ska du berre hør. En mann ifrå Gjønnøldgara va uti marka å leta ette hestøm. Bars itt det ber te lun han tulla bort se. Skoddet va det og sent på høsta. Hem vart døm stursam før øm når 'n itt kom hem att te kvelds kan du våttå, men mannen vart bort i to døgn han.

Da'n kom hem att fortalt 'n at ’n hadd tulla bort se atta fjellet. Ker 'n hadde førre hen kunn 'n itt gjarrå greie for, men utpå natta hadd trefft ti nå kara som satt rundt en kaffekjel i en glohaug. Matløs hadd 'n vørre på tura, før han tenkt itt å tull bort se da 'n gjekk ivei.

Di der karan spor 'n om 'n ville hå en kaffeskvett med det såmmå kjel'n sto på. Svultin og tøst som 'n va, to 'n te takke med di. Enten det no va nå sterkt ti kaffea inn ker det va vore — han vesst no ittnå mer tå se føn han vakna med di at 'n frøs. Månin va oppkømin. Mann såg se ikring og da kjint 'n att se. Di anderkaran va bort, men sjøl satt 'n med rygga innåt tussgadda atti Brækslettøm.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *