Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tussgarden.

I nærleiken av staden der hesten vart borte , er det ein stad som til dagleg blir kalla Tussgarden. Her var det mykje underleg både å sjå og høra. Røyken frå pipa i tussgarden kunne dei sjå rett ofte. Det var serleg i kveldinga og i solrenninga at røyken frå pipa var synleg. Klangen frå kubjella kunne dei også høra ender og gong. Det er ingen no som kan peika ut staden der tussgarden låg heilt sikkert, men også no kan ein slumpa til å sjå røyken frå pipa når veret er lagleg til det. Mange fjellkarar har sett røyken stiga opp. Dei har meint at det måtte vera ein annan fjellvandrar som hadde fått kaffikjelen over, men da dei har komi fram til staden, har dei ikkje funni anna enn aude fjellet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *