Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tusshjelp.

Ein husmann under garden Nerøien i Støren dreiv mykje med å brenna tjuru. Mannen bodde på Øyaaune, og det var nok ikkje så lett å klara seg med økonomien alttid.

Arbeidet med å få furustubbane opp av myra var eit slitsamt arbeid. I den tida hadde dei ikkje så mange tekniske hjelpemidlar til rådvelde. Å bryta stubbar var det ein i notida vil kalla blodslit. Det kunne enda gå an for unge, sterke karar, men år la seg til år. Ein gong etter at husmannen var komen langt ut i åra dreiv han med å benda stubbar opp av blautmyra. Han grov unna så mykje av jorda som han kunne få til og la seg på våga. Det var på ettermiddagen. Sola heldt på å gå ned. Han dreiv og bala med ein stubbe som ikkje ville gje seg. Gong på gong retta han ryggen og strauk med ein myrlortskiten neve over skallen. Så benda han med våga att, men stubben han sat. Å nei, det vart nok ikkje så lett å få opp denne stubben. Lange, seige tæger greina seg ut i survåt jord.

Den gamle mannen stod motlaus og såg på den fine stubben som slett ikkje ville opp.

Han bøygde seg att og ville grava unna meir jord, men han kom ikkje i gang. Kva kunne det vera han hadde hørt . . . nei, det var visst ikkje noko lell. Men så ropa det att borti ein haug:

– Trøng du hjelp no kanskje?
– Ja, no trøngs det hjelp – øm det æ nå hjelp å få da.
– Det fæ vøl bi råd med di, sa det borti haugen.

Og der kom ein liten, breivaksen, blåkledd tusskall skrevande over myra — rund i skrevet og med eit venleg, smilande fjes. Han bøygde seg ned og tok tak i stubben med begge hender. Musklane spana seg. Det gav ein surklande låt i det stubben vart riven opp av surmyrvæta. Han skvatt opp og tusskallen slengde han inn på haugen til dei andre som var det berre ein vott. Så gjekk han like roleg som han kom utan å sjå seg attende.

Same karen fekk også hjelp av tussane ein annan gong. Det var like før jula han fekk så lei sting i eine sia. Han måtte i seng tre dagar føre julaftan. Vedskjulet var om lag skrapa for di han ikkje hadde fått tid til å vedrå.

Tanken på vedmangelen plaga han nokså mykje der han låg. Korleis skulle rett han og kona koma gjennom juledagane utan vedpinnen i huset. Nei, han visste seg inga råd. Ut på eftermiddagen andre dagen ville han prøva koma seg opp og ut, men nei takk, det gjekk nok ikkje. Han seig attende i senga med ein storm. Med det same vart det banka med harde knokar i tømmerveggene like ved hovudet hans. Og med det same tykte han å kjenna att målet til tusskallen som hadde komi han til hjelp med å bryta stubbar tidlegare på hausten.

– Står det kleint te med deg no?
– Ja, no kan itt det bi stort kleinar.
– Du tenkje på helgjaveden da, æ fult?
– Sjåt sjøl så sjer du keles testand her æ.
– Ha alt vørre der. . . fæ vøl bi råd med helgjaved.

Det vart stilt lenge. Dagen vart borte i kvelden, og kvelden vart til klår, måneljos natt. Men da kan det henda at det vart liv ute i vinternatta. Gjennom svevnen hørte han korleis det saga og knerta og hogg ute i vedskjulet. Stallvekkjer klang i natta, hestar kneggja, og det gnura og kvein i kald snø.

Morgonen etter var det nøgda med fin, tørr gaddved i vedskjulet.

Slik vart det julgadd denne jula òg, enda det såg nokså svart ut. Og han som fekk veden var ikkje i tvil om kven det var som hadde vori framme med hjelpa si.

Han friskna til att ut over julaften og var mest full kar att da folk frå nede i garden kom med ei lita julsending slik skikken var.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *