Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tusskjerringa bad om mjølk.

Gamle Kersti Kåsom var sætertaus på ein av Gynnildvollane. Ein kveld ho sat og mjølka, kom ei tusskjerring inn i fjøset til henne. Ho bad om å få mjølka av ei ku. Jau, det måtte da biliei råd med det. Men ho hadde ingen kopp til å bera mjølka i, og så måtte ho få låna mjølkasken hennar Kersti. Tusskjerringa tok asken med seg og gjekk bortetter vollen. Kersti sto att i fjøsdøra og såg etter kjerringa. Ho gjekk rett bort til ein stor bjørkestubbe og tømde mjølka ut over han. Der vart kjerringa borte.

Ho Kjersti rusla bort til stubben og tok asken, men der var det ikkje teikn til at det var søla med mjølk på stubben. Med asken i handa gjekk ho attende til fjøset og gjorde ifrå seg stellet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *