Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tusskjerringa ville ha salt.

Så var det ein julekvelden på same garden. Folket hadde gjort ifrå seg utstellet og sat attmed julekveldsbordet. Da kom det inn ei lita kjerring. Ho stod nedmed døra og heldt hendene i forkleet, og så spurde ho om husmora hadde ein saltklip å gje bort.

– Ja da, salt må du få. Ta bursnøkkelen bortmed døra der, så finn du salt sjøl i saltstampa inna bursdøra.
– Nei, det kan itt e, for det æ tomla (korsa) både pund og på, så e kjem itt fram.
– Ja, det ha du rett ti. E hadd glømt det, e, men du kan få en klip tå di e ha inn da.
– Kjerringa fekk saltet. Takka og gjekk.

Det var ei tusskjerring.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *