Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

TVO MYRKDØLER

I elde tider hadde kvar bygd sine originaler. Helst var dei å finna i
avstengde fjellbygder. Som til dømes i Myrkdalen, der var dei å finna
på mest kvar gard.

Sume av desse karane var reine skodespelarar. Folk i våre dagar som driv denne kunsta, er gjerne på leiting etter slike typar.

Ein gamal kali som dei kalla for Raude-Knut, var ein slik original. Han
vart over 90 år, men aldri i sitt lange liv hadde han lauga seg eller
vaska seg skikkeleg. Han meinte at det var skadeleg. Einaste var om
sumaren når han fekk ut sveitten på slåtteteigen. Då laut porone opna
seg, så på den måten fekk han seg eitslag vask. Aldri var han sjuk, og
han sa sjølv det kom av at han ikkje vaska seg.

Brita-Lars var ein stor kjempekar. Han hadde og diktargivnad. Han
fortalde at ein gong hinmannen drog gjenom Myrkdalen, var han innom
døra i mange heimar. Då gav han dei han vitja, kvar sit utnemne. Og
desse utnemna laut dei sidan dragast med all sin dag. Difor var det
mange i MyrkdaIen som laut finna seg i å bera eit tilnamn til det rette
namnet sitt.

Ein gong kom han Brita-Lars på Vangen, og gjekk ut i tunet på
Fleischers hotell. Styraren på hotellet stod ved eit bord og reinska
fisk. Då han såg han Brita-Lars, sa han:

– Er styggemannen ute og går i dag!

Men Brita-Lars var rådsnar, og svarte:

– Ja, no kjemo han og skal ta han «Svarte-Fredrik». Dette lika hotellverten og bad Brita-Lars inn på ein dram.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *