Internt referansenummer: 16.06.09 – A
Kilde:
GARD OG GREND
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN I
NORSK FOLKEMINNELAG III
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1921)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Tyldalskyrkja

Fyrr fyste kyrkja var bygd i Tyldalen, hadde dei offerstaden sin i ein trelund ute ved Brua, der dei enno kallar det Lund. Der skulde dei ha dyrka Tor. Men alt ved dei tider St. Olav fall, skulde fyste kyrkja vore uppsett, og ho stod uppe ved Olsberg. Men so vart det folk i bygdene i kring, og daa desse tok til aa sokna hit, langt nordanfraa Soknedalen, so vart denne kyrkja for lita. Dei sette daa upp ei ny kyrkje noko so ner paa same staden. Den stod daa lenge, til ho brann upp. Det hadde no vorte veg gjenom dalen, og so vart det strid um kvar den nye kyrkja skulde staa. Folk sud i bygda vilde ha henne flutt sørover, og det vart og tømta og grave kjellar der sør i. Men fyste natta etter dei hadde teke til aa grava kjellaren var nordkarane der og heldte ned i vatn, og so vart det til det at grunnen var for raalendt der. So fekk dei tømta paa flaten lenger nord, der ho no staar, og kyrkja vart ferdugbygt 1736. Det er den som no staar.

Daa dei eldste kyrkjone stod, gjekk vegen uppe paa fjellet ovanmed bygda, for nede i dalen stod skogen so tjukk det ikkje var framkjømt, og attaat var det fullt med udyr der i ulenda. Ein kann enno sjaa den gamle fjellvegen der han tok ned aat kyrkja, soleis ligg det att av kloppene sunnan med Olsberg, ein stad det er litt raalendt. Det var denne vegen munkane for, naar dei skulde til Nidaros, og denne vegen fylgde mykje taa kyrkjefolket, soleis desse som kom fraa Kvikne, Inset og Vingelen. Og austanetter kom folk som hadde slege seg ned kring Fæmunden og langs etter fjelldalane, der det eingong budde folk fyre svartedauden. Daa denne kom døydde dei ut att, so no er det att berre minnet um dei, um eit eller anne brurfylgje som kom austanfraa fjella og ned aat Tyldals-kyrkja.

Soleis var det eit fylgje som kom paa ski beint over fjellet um Spekedalen og Brurhøgda. Der er det ein stor flat, fyre det tek til aa halla utover aat Brydalen. Der sette dei seg og tok upp maten sin. Daa so brura saag det halla utover sa ho daa det: «Heire og Halle ska me rabben kalle.»

Paa Brurhøgda skal det ha gaatt med ei brurferd som kom austanfraa Tufsingdalen. Det hadde kome slikt uver, so dei makta ikkje fram, men fraus i hel. Kor lenge det er sidan veit ein ikkje; men truleg var det fyre svartedauden.

Nordanmed kyrkja er det eit par bekkjer, Smørbekken og Skjorbekken. Desse har namn ifraa den tida daa kyrkjefolket sette att maten sin der, naar det var varmt um sumaren. I Smørbekken sette dei smørøskjone sine, og i Skjørbekken, ein staden der dei kallar det Skjørgrava, sette dei mjølkbuttane, so mjølka ikkje skulde bli sur. Men ofte hadde det vorte skjørmjølk like vel naar dei kom att fraa kyrkja, og so fekk bekken namn etter mjølka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.