Internt referansenummer: 16.06.09 – A
Kilde:
GARD OG GREND
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN I
NORSK FOLKEMINNELAG III
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1921)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Tynsetbøndene og prestane

Tynsetbøndene og prestane var ofte i strid. Prestane kunde vera mynduge, og bøndene likeso stride, og so hende det, dei tok aat makta baae partar. Ein soldat som heitte Embret heldt paa og vilde jula upp presten Dircks fordi han vilde nekta honom aa gaa til altars. Han Embret hadde eit daarleg ord paa seg for slagsmaal og slikt, og daa han kom og vilde melda seg til altars vilde presten høyra over han litt, korleis det var med barnelærdomen hans. Daa gjekk han Embret, men kom so att med dei leid paa. Ja, så presten, han skulde faa møta upp til altars, dersom han kunde svara for seg i barnelærdomen; men ikkje fyrr. Slik dreiv dei og kjeglast til han Embret drog upp sabelen og kytte med. Men daa vart han redd presten. «Ja, ja, saa faar du faa gaa, Embret; men du maa ikke bere dig ad som et best!» sa han.

Presten Paludan var dansk. Han var ein stridbukk, og stor og sterk, so han vilde halda bøndene i age. Kom dei i utide tok han deim inn paa kontoret, laaste att døra og jula upp deim so folk vart reint hatuge paa ‘n. Med Utgardsbøndene kom han i strid um vatskjelda. Baae partar meinte dei hadde retten aat kjelda, og so bygde presten hus over og sette laas paa. Daa braut dei andre det ned att. Det gjekk so vidt det vart sak um dette, og so vart det eit slags forlik, som sidan stod ved makt. Men daa han flutte fraa Tynset nemnde han 3 ting i avskedspreika, som tynsetingane hadde nekta han, og den eine var «det klare vand».

Daa han var dansk hadde han og bøndene vondt for aa skyna kvarandre. Ein dag stod Klemet Aakrann, medhjelparen aat presten, og gjerde. Dette var i teleskotet um vaaren so jorda var blaut upp i; men ned i sat telen att. No kom presten gåande, og stod og saag paa han Klemet strævde so med aa faa ned jarnstauren.

«Det e tølø ti jor’n sj’u,» sa ‘n Klemet.
«Hvad siger du? Taler det i jorden?» sa presten, og la seg ned so lang han var og lydde i staurholet.

Han Klemet hadde full noko ugjort med presten, kann eg tru, for der slog han jarnstauren ned i jorda so det skvatt midt i andlitet paa Paludan.

«Skulde du ha sjet slikt da?» sa ‘n Klemet, «e hogse da itte paa det skulde skvette slik lel.»

Han Morten Utgarden, han som gjorde døra i kyrkja, var i trette med presten um jordvegen. Ein gong møttest dei ved ei grind i ein stupbratt bakke. Han Morten kom paa oversida, og presten stod paa nedsida aat grinda. So tok dei paa aa tretta, og der hadde presten reint overtaket. Daa fløygde han Morten grinda mot presten so han for baklenges og rull i rull nedover bakken. Men daa venta han ikkje til presten kom upp att han Morten hell.

Han var svært sint paa lægpreikarane, Paludan. Ja det fanst no ikkje mange slike den tida; men det var ein dei kalla Jo Sengen som dreiv og heldt so mange møte i bygda. Dei kalla han Jo Sengen, for han var lam, so dei bar han i senga fraa gard til gard. Dette var presten sint paa, og so sa han fraa til lesarungdomen dei ikkje maatte gaa aa høyra paa denne kroppen.

Ein dag etter det hadde vore eit slikt møte, hadde presten lesarborna att, og spurde so um nokon hadde vore sta’ og høyrt paa ‘n Jo. Det var fyst ingen som svara, og so spurde han ein for ein, til han kom aat ‘n Per Bortistu’n. No var han stam han Per, og drog paa svaret.

«N……nei,» sa han. Daa trudde presten han laug og skrellte i:
«Har du ikke veeret der?»
«J…. jo,» sa guten, han vart so redd, han sansa ingen ting.

Daa dreiv presten til han, so han for burtetter gulvet.

«Jeg skal lære dig at staa og lyve, din djævel,» sa han.

Det skulde vera so vondt for prestar den gongen Paludan kom til Tynset, so det var full ikkje nokon likare aa faa, sa dei. Men missnøgde var dei med ‘n, og det fekk han vita ogso taa ‘n Ola Sandvollen. Det kom ei taterkjerring aat Ola ein gong, ser du, og tigde etter alt som var, og fekk ho ikkje det ho vilde, skulde ho setja sjukdom baade paa folk og krøter der paa
gar¬den. Daa vart han sint han Ola, og tok og kasta ut kjerringa. Ho skreik og spende imot, so det vart eit svare spetakel, og nett¬upp med det same kom Paludan køyrande. Han hadde vore i Tyldalen, og daa han fekk høyra skriken taa kjerringa, drog han aat og blanda seg i striden.

«Du! du!» sa han knytte neven aat ‘n Ola. Men der fekk han mottak, for han Ola var sint fyrr, og blidare vart han ikkje no.
«Aa, dra deg hematt, din danske slem, du er, og studer preka di. Det trøng du bere enn aa blande deg i mine saker!» sa han. Daa drog presten.

Men so var det no gode prestar og, Hagerup og Blütecker og Wessel. Hagerup og Blütecker var so yderlig gode, dei gav burt og hjelpte paa alle maatar, serleg Blütecker. Det var tronge tider og mykje fatigfolk, — og han gav so lenge han hadde noko, til han sjllv laut burt i gardane aa laana seg mat. Men han tykte ungdomen vilde klæ seg for fint, og tala ofte paa det i kyrkja. Ein gong saag han ein gut hadde faatt seg ei ny, fin lue.

«Aa gaa hen og tag av ham den kostbare huen og sett paa ham en simplere,» sa han.

Han flutte fraa Tynset til Opdal. «Men der,» sa han, «var ungdommen 10 gange verre end paa Tønset ogsaa.» Han gav burt so mykje det var smaatt med ‘n, og sjøl gjekk han so simpel klædd dei andre embetsmennene gjorde narr av han for det. Men det braud han seg ikkje noko um. Elles var han god til aa svara for seg, naar venene erta han. Ein gong spurde skrivaren honom:

«Kan du sige mig kjære ven, hvorav det kommer at prestesekken aldrig bliver fuld?» sa han.
« Ja det skal jeg forklare dig,» sa presten, «det var engang en uretferdig dommer som skar op bunden paa den for at stjele indholdet, og siden kan den aldrig fyldes.»

Presten Wessel var svært hastig og braa; men det var ein so retttenkt kar, so hende det at det bar over seg nokon gong, gjorde han det han kunde til aa retta paa det att. Ein sundag han skulde rida aat Tyldalskyrkja reid han like attum fjøsgluggen paa ein gard nedanmed kyrkja. Der heldt budeia nettupp paa aa moka ut tur fjøset um morgonen, og so vart hesten redd og skvatt til han. Daa vart Wessel so braasint han reiv og sleit i taumane, til hesten gjekk baklenges og ned i gjødseldammen med dei baae. Og den dagen vart det messefall i Tyldalen.

I ein bekk etter Tyldalsvegen var det so mange smaa kvernbruk den tida, for mest kvar gard hadde si kvern, og vegen aat desse kvernene tok av taa Tyldalsvegen uppe i lia. No hadde full hesten aat Wessel ofte vore van med aa gaa aat kverna. So var det ein sundagsmorgon Wessel skulde aat Tyldalskyrkja, han sat i sine eigne tankar, og saag ikkje at hesten hadde teke av og innpaa kvernvegen, fyrr han stod ved kverna. Daa vart han so eitrande sint han braasvingde attende og brukte pisken paa hesten uppetter heile bråka til han mest sprengde ‘n. Daa han so kom upp høgda og upp paa kjølen gjekk sinnet av, og daa angra han seg slik at han steig av og gjekk heile vegen sidan, so den dagen kom han for seint aat kyrkja.

Ætta etter Wessel lever enno paa Tynset. Han hadde ein son som heitte Mads. Han gifta seg der paa Tynset og vart bonde. Det er att eit ordstø etter hans Mads.

«Nei, e lyg itte, det er godt og gamaldags gudsord,» sa han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.