Internt referansenummer: 16.06.09 – A
Kilde:
GARD OG GREND
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN I
NORSK FOLKEMINNELAG III
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1921)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Tynsetkyrkja

Kva tid fyste Tynsetkyrkja var bygd, veit ein ikkje so visst; men ho brann upp 1792. So skulde dei byggja ny, og daa vart det hard strid, anten ho skulde vera taa stein eller tre. Utgardsbøndene vilde ho skulde vera taa tre; men Ramm, skoginspektøren, og nokre andre vilde byggja taa stein. So møttest dei i ei gamall stugu paa Utgard og skulde faa ei avgjersle paa dette. Ramm var no viss paa han skulde faa det som han vilde, for naar han heldt lovleg møte og hadde med seg protokoller og slikt noko, so skulde han full snu desse Utgards-bøndene, meinte han. Men dei tok saka paa ein annan maate, for daa dei hadde kjeglast um dette litt, tok dei karane som heldt med Ramm i strake armar og lyfte dei uppunder slinda. Daa vart Ramm redd, skunda seg og tok bøkene sine og stakk seg ut. Elles hadde han full faatt same medferda han og.

So vart det daa vedteke det skulde vera trekyrkje, og alt dagen etter drog dei til skogs og tok til aa hogga tømmer. Det hogg dei so grovt, dei naadde glasa med fjorde kvarvet. Det var enndaa ein dei kalla Hallhugu som var so hard til aa hogga. Han skulde ha slege ned ein fæl hop av desse trea. Dei kalla han Hallhugu, for han hadde ein slik skavank i hovudet, so det stod paa hall altmeine.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.